Hugs søknadsfristen for barnehageplass

Frist for å søkja barnehageplass frå august 2020, eller seinare i barnehageåret 20/21, er 1. februar 2020.

Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete Alicja / Pixabay   

Klikk for stort bileteAn English-language summary is found below the Norwegian text.

Alle barn som er fødd før 01.12.19 har lovfesta rett på barnehageplass frå og med 05.08.2020 eller den månaden dei fyller 1 år, når det er søkt om plass innan søknadsfristen.

Kvam Herad har ikkje opptak i januar. Det betyr at dei som må ha plass frå januar 2021, bør takka ja til barnehageplass frå august 2010, eller den månaden barnet fyller 1 år.

Barnehagesøknad føregår elektronisk, og søknadsskjema ligg på heimesida til Kvam herad, samt på heimesidene til alle barnehagane. I Kvam Herad sitt digitale opptakssystem vil meldingar mellom Kvam herad og føresette føregå på epost, som til dømes melding om motteken søknad og tilbod om plass. Sjekk at du skriv inn rett epost-adresse. 

For meir informasjon, sjå: Søknad om barnehageplass


Children born prior to 1. December 2019 are entitled to kindergarten placement from 5. August 2020 or the month they celebrate their first birthday, as long as an application has been sent prior to the application deadline, 1. February 2020.

The application has to be sent electronically, using our digital application form (in Norwegian only). 

For more information, please refer to our Norwegian-language site: Søknad om barnehageplass or contact Heidi Milje at 56 55 30 79, or Beate Gauden at 905 91 182.

Kontaktinfo

Beate Gauden
Leiar for barnehage og skule
E-post
Telefon 56 55 30 58
Mobil 905 91 182