HPV-vaksine: Hugs på å få alle dosene!

Klikk for stort bilete

Her kjem ei påminning til kvinner fødde i 1991 eller seinare som har teke imot tilbodet om gratis HPV-vaksine: Den siste av dei tre dosene må vera teken innan 1. juli 2019.

Dette kan ordnast hjå helsestasjonen for ungdom (Sandvenvegen 35, Norheimsund), kvar torsdag, frå 14.30 til 16.30.