Høyringsframlegg - Kvam formannskap si tilråding for budsjett og økonomiplan

Kvam formannskap har i dag vedteke si tilråding til heradsstyret si handsaming av budsjett 2020 og økonomiplan 2020-2023, prisar og gebyr 2020, samt forskrift for eigedomsskatt 2020. 

I samsvar med Kommunelova § 14-3, vert tilrådingane lagt fram til offentleg ettersyn. 

Kvam heradsstyre skal handsama sakene tysdag 17.12.19. 

Klikk for stort bilete 

Følgjande tilrådingar er vedteke i Kvam formannskap sitt møte 2.12.2019:

Budsjett 2020 og  økonomiplan for 2020- 2023:

Rådmannen sitt framlegg til vedtak med fylgjande tilleggspunkt:

1. Regulering gang og sykkelveg Ålvik - Vikedal.

Det skal setjast i gang regulering av gang og sykkelveg mellom Ålvik og Vikedal. Prosjektet skal finansierast med kr 300.000 kr frå kraftfondet.

Planen skal  inn i planstrategi.

2. Prosjekt heiltid.

Dette er eit viktig område for oss. Utfordringa med låg stillingsprosent er ikkje ynskt, og for mange tilsette krevjande. Dette er noko me vil gjera noko med.

Rådmannen får i oppgåve og koma tilbake med sak som skal ta opp moglege løysingar på denne utfordringa. Saka må ta opp i seg vikarpool og andre moglege  løysingar.

Me ser det og som viktig at dette er forankra på ein god måte sjå organisasjonane og dei tilsette.(trepartssamarbeid)

Tidshorisont : første tertial.

3. Demenslandsbyprosjekt.

Tilfredstillande tilbod til demente krev at heradet tenkjer langsiktig og har gode planar for kor ein skal løyse dette i framtida.  Nokre stader vert det etablert “demenslandsby,(sansehage)”

Kvam herad treng ein gjennomgang av dei moglegheitene me har  for å samle kunnskap og skapa eit framtidsretta tilbod og plassering til denne gruppa.

Rådmannen  skal komma tilbake til heradsstyret innan 1 mai med ei oversikt som inneheld moglege måtar å setje i gang eit prosjekt for å løyse dette.

4. Utvikling på Kvamskogen

Kvamskogen er eit viktig område for heradet. Heradet støttar blant anna ein moglegheitsstudie for området.

Parallelt med dette er det kome ynskje frå velforeininga om å gå vidare med arbeidet som gjeld tilrettelegging av turstiar og løyper (uversløype). Heradet ynskjer å bidra med administrativ hjelp og midlar til planlegging av prosjekta som kan lata seg gjennomføra innanfor allereie godkjente planar. Arbeidet må gå i samhandling mellom Velforeining , næringslag og grunneigarar.

Det vert sett av 150.000 kr til arbeidet. Finansiering: P 71182 (utvikling av Kvamskogen)

5. Sandvenskaien.

P 61199.  Oppgradering av kommunale kaiar vedteke i budsjett 2019 vert vidareført. Med bakgrunn i tilstandsrapport frå COWI AS, dokumentID 19/19154, vert det løyvt inntil kr.7 mill. NOK eks. mva. til investering i nødvendige forprosjekt og gjennomføring av gjenoppbygging av kommunal kai i sentrum i Norheimsund. Løyvinga skal, i tråd med vedtaket frå desember 2018, finansierast med lån. Prosjektet skal gjennomførast i 2020.

Bakgrunn for prosjektet.

I budsjettet for 2019 vart det oppretta eit prosjekt P 61199 Oppgradering av kommunale kaiar. Bakgrunnen var behovet for kartlegging og utbetring. Prosjektet vart vedteke finansiert ved bruk av lån.

COWI AS har no utarbeidd ein tilstandsrapport for dei kommunale kaiane i Øystese, Norheimsund sentrum og Kaldestad. I oversendingsbrevet frå COWI skriv dei: «Vedlagt følger rapport for de 3 kaiene. Grovt oppsummert er det kaien i sentrum som må håndteres særskilt. De 2 andre «er ikke så verst»». I fylgje rapporten kan denne kaien ikkje lenger nyttast.

Frå rapporten til COWI kan me lesa: “Som et resultat av tilstanden på underbygningen er det eneste tiltaket som kan anbefales å bygge ny kai. Skadene er så omfattende at det ikke er lønnsomt med noen form for vedlikehold eller reparasjon. Kaien i sin helhet bør sperres av for både båt- og biltrafikk. Dekket har trolig ikke kapasitet til å bære kjøretøy, selv ikke personbiler. Som følge av manglende opplegg på deler av platen mangler kaien trolig også forankring mot horisontalkrefter. I verste fall kan en fortøyd båt rive med seg kaien i uvær eller påføre større forskyvninger ved avgang eller ankomst. Kaien kan trolig holdes åpen for gangtrafikk inntil det bygges ny kai. Undersiden og bakveggen bør i så fall inspiseres hyppig for å avdekke eventuell utvikling av skadene. Det bør settes opp skilt med fortøyning forbudt og permanent sikring mot kjøretøy som ikke kan flyttes. Fendring og fortøyningsmuligheter bør fjernes. Det kan også vurderes å sette opp flettverksgjerde langs kaikanten for å gjøre kaien utilgjengelig fra sjøsiden.”

Tilkomst er no avsperra med betongblokker og båtar skal ikkje lenger leggja til. Det er ikkje spesielt innbydande.

Heradet har heilt sidan 90-talet arbeidd med å gjenopna Norheimsund sentrum mot fjorden. Resten av sjøfronten frå Straumen til Fartøyvernsenteret er oppgradert. Den kommunale kaien midt i sentrum står att. I den nye arealplanen er føremålet om trafikkareal vidareført. Kaien har daglege turistbåtavgangar i sommarsesongen. Turistbåten vert satsa på og sesongen er frå neste år vedteken utvida.

Kaien er og ein sentral del av Strandvegen, som sikrar ålmenta tilgjenge langs heile strandlina. Strandvegen knyter Fartøyvernsenter, park og sentrum saman og er mykje nytta både av fastbuande og gjester. Kaien har ikkje gjennomgangstrafikk for køyretøy. Slik sikrar han trygge og gode tilhøve for reisande og andre mjuke trafikantar i området.

Å ha fungerande offentlege kaiar er viktig i heradet si vidare satsing på reiseliv og heilt i tråd med dei vedtekne visjonane til heradet. Som eit resultat av den langsiktige satsinga, ser me no store pågåande private investeringar som gjev ringverknader for heile heradet.

Kaien er ein viktig del av infrastrukturen til heradet og må prioriterast.

6. Prosjekt Kvamsøy.

Kvam herad eig  ein stor del av denne øya. For å få ei tenleg utvikling, leggja til rette for ei god forvaltning, og bruk for framtida, er ein plan naudsynt.

Eit arbeid med ein plan som tek opp i seg tema: Friluftsliv, kultur og kulturminne,  ålmenta sin tilgang, samt ivaretek dei andre eigarane av øya, må startast opp.

Det vert oppretta eit prosjekt med kostnadsramme :  300.000 kr

Dette skal finansierast med midlar frå kraftfondet.

Planen skal inn i planstrategi.

7. Økonomi.

Budsjett og økonomiplan som rådmannen har lagt fram er saldert med fond. Dette fører til at heradet styrer mot ein svært krevjande og alvorleg  situasjon mot slutten av økonomiplanperioden.  Heradsstyret ser det som naudsynt å ta grep i denne situasjonen.  Kutt i form av “ostehøvelprinsippet” vil ikkje bringa fram resultat som held seg over tid.

Heradsstyret ser det difor som naudsynt at rådmannen kjem tilbake med moglege tiltak innan fyrste halvår 2020. 

8. Ferdigstilling toalett Norheimsund. P 60184

Prosjektet fekk løyving til fem toalett på 2019-budsjettet. Heradet skulle gjera byggteknisk ferdigstilling av fem toalett, grendelaget skulle skaffa midlar til innreiing.  Det viste  seg at alle midlane til byggteknisk ferdigstilling av fem toalett vart brukt opp på dei to fyrste.

Heradet sine overslag over byggtekniske kostnader var altså for knappe. Grendelaget kan bruka 100.000 av eigne midlar til byggteknisk ferdigstilling av dei tre siste , men treng at det vert løyvd 262' (ekskl mva) frå heradet for at alt skal bli klart. Grendelaget har skaffa  til veie toalettmodulane.

Prosjekt P 60184 vert utvida med 262.000 tusen eks. mva slik at prosjektet vert ferdigstilt .

Prosjektet vert lånefinansiert.

9. Kjøp av bustader.

Rådmannen får fullmakt til å inngå avtaler om kjøp av bustadar på inntil 10 mill.kr. Eventuelle kjøp vert finansiert med lån. Eventuelle kjøp utover dette skal verta framlagt i FSK for godkjenning før kjøpekontrakt vert signert.

10. Eige budsjett til Kvam ungdomsråd
Kvam ungdomsråd får tildelt eige budsjett på kr 300,000 som dei disponerer til saker som ungdomsrådet sjølve ynskjer å prioritera. Ramma skal også dekka drifta av rådet.
Finansiering tildeling frå havbruksfondet.
Eige budsjett som UR disponera vil fremma politisk interesse og engasjement hos ungdomen i Kvam herad.
Målet er:
- Gjere det attraktivt for ungdomen å delta i demokratiet
- bidra til rekruttering av ungdom til politisk arbeid.

11.  Oppretting av prosjekt «Dagsturhytter»

Den 12. Juni 2019 vedtok Fylkestinget å løyva 2 millionar til prosjektet «Dagsturhytter» i Hordaland. Prosjektet starta i Sogn og Fjordane og er utvikla som eit lågterskeltilbod for turgåarar, i eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga/sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane.
Dagsturhytteprosjektet er eit folkehelsetiltak og er i samsvar med stortingsmeldinga: «Folkehelsemeldinga-Gode liv i eit trygt samfunn», med strategiar som styrkjer folkehelsearbeidet og legg til rette for sunne helseval.
Dagsturhytta er om lag 15 kvadratmeter og er ein plass å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker.
Plasseringa av hyttene skal veljast ut av administrasjonen i kommunen-eller ved hjelp av lokalt engasjement.
Hyttene er utstyrte med eit minibibliotek med bøker til bruk på staden, for å stimulere til lesing og for å gjere kjent god, nynorsk barnelitteratur. Boksamlinga er sett saman av hovudsakleg barnebøker.
Folkebiblioteka har tilsynet med turbiblioteka i kommunane sine og supplerer med eigne bøker om friluftsliv, natur, segner og eventyr, lokale kulturminne, turmat, dyreliv, dikt og anna.

Grunnfinansieringa av kvar hytte vert slik:

Tilskotsgjevar:                      

Løyving:

Merknad

Hordaland fylkeskommune

200.000

 

Spelemidlar

333.000

1/3-del av prosjektkostnaden

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

100.000

 

Kommunane

367.000

 

MVA kompensasjon(til fråtrekk)

 

Kommunane er tiltakshavar og mva-kompensasjon er avhengig av prosjektkostnaden

 

 

 

Totalt:

1000.000

 


Kvam heradsstyre ber rådmannen om å opprette prosjektet «Dagsturhytte».
Rådmannen søkjer om spelemidlar til prosjektet samt stønad frå Sparebankstiftinga og Hordaland fylkeskommune.
Opparbeiding av turløyper til hyttene, og merking og gradering av desse skal vere ein del av prosjektet.
Det er ønskjeleg med eit bibliotek i hyttene og ein plan for ulike arrangement.
Det skal sjåast på om det er tenleg med lys og varme for å auka bruken heile året. Det skal sjåast på evt. moglegheiter for sanitæranlegg i hytta.
Prosjektet skal finansierast med inntil 400.000 kr frå Havbruksfondet.

12. Gjennomføra søppelsortering i alle kommunale bygg.

Kvam herad har rammeavtale for søppelsortering i kommunale bygg, men berre eit fåtal av bygga gjennomfører systematisk  søppelsortering. Søppelsortering skal vere standard i alle skuler, barnehage og institusjonar i kommunen, som sikrar at bygga har naudsynt system for sortering. Gjennomførast i 2020.

 

Prisar og gebyr 2020:

  1. Kommunale gebyr, prisar, avgifter og betalingsordningar skal fakturerast i tråd med vedlegget «Prisar og gebyr 2020» med unntak av pkt. 2.5 sesongkort bading for born som skal vera kr. 250.
  2. BIR Privat AS vert delegert fullmakt til fakturering og innkrevjing av avfallsgebyret på vegne av Kvam herad, jfr §12 i Forskrift om handtering av hushaldningsavfall. Avfallsgebyret tilhøyrer Kvam herad.
  3. Avfallsgebyr skal fakturerast i tråd med vedlegget «Renovasjonsgebyr 2020». Prisen på renovasjonstenester for 2019 vert auka med 1,0 % med unntak av eigenandel for levering til gjenvinningsstasjonane og enkelte tenester utanfor standard renovasjon. Desse vert haldne uendra. Kommunalt påslag vert sett til kr 148 for hushaldning, kr 74 for fritidsbustader og kr 37 for campingvogn.
  4. Rådmannen får fullmakt til å fastsetja prisar på ny velferdsteknologi etter kvart som det vert aktuelt.
  5. Rådmannen får fullmakt til å endra prisar i tråd med statlege satsar som vert fastsett i statsbudsjettet.
  6. Rådmannen får fullmakt til å endra gebyr og prisar i tråd med evt. endringar for pris og gebyr i vedtak i HST-sak «Kvam herad - Budsjett 2019 og Økonomiplan 2019- 2022».

Forskrift for eigedomsskatt 2020: 

Som rådmannen sitt framlegg til vedtak. 

 

Rådmannen sine framlegg i sakene: 

Rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan vart presentert for heradsstyret 12.11.19, og saksframlegget finn du her for budsjett 2020 og økonomiplan 2020-2023: 

https://www.kvam.no/innsyn.aspx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2019020537&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=2403&

Pris og gebyr 2020: 

https://www.kvam.no/innsyn.aspx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2019020538&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=2403&

Forskrift for eigedomsskatt 2020: 

https://www.kvam.no/innsyn.aspx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2019021799&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=2403&