Fritidskortet i Kvam held fram

Heradsstyret i Kvam har vedteke å løyva pengar til å halda fram med fritidskortet i to år. Kvam er ein av to kommunar som held fram med ei kommunal ordning etter at den nasjonale pilotordninga vart avslutta i juni.

Gjennom Fritidskortet får alle barn mellom 6 og 18 i Kvam 1000 kroner i halvåret til å bruka på fritidsaktivitetar. Dersom familien har behov for det, kan summen aukast gjennom Fritidskortet pluss-ordninga. Ein kan også få hjelp til å koma i gang med aktivitet. 

Kvam herad ser på arbeidet med fritid som eit viktig samfunnsoppdrag. Korleis ein har det på fritida, spelar inn på alle livsområde og har stor betydning for trivnad og tilhøyrsle. Arbeid mot utanforskap og for ei inkluderande fritid er målet for Fritidserklæringa, som i august vart signert på ny av regjeringa, kommunane og frivilligheita. Fritidserklæringa byggjer på FN sin konvensjon om barns rettar og slår fast at alle barn har moglegheit til å delta jamnleg i minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre.

Fritidskortet er ei ordning for fellesskapet, som er ålment tilgjengeleg og som det er positivt at familiar nyttar seg av. Å ha ei ordning for alle, gjev ei moglegheit til å jobba heilskapleg for å få til ein inkluderande fritidsarena i Kvam. Målsetjinga er å byggja ned hindringar for deltaking, slik at barn og unge kan vera med i fritidsaktivitetane dei ynskjer uavhengig av bakgrunn og familieøkonomi.

Ein kan henta og betala med Fritidskortet i Friskus. Les meir om Fritidskortet og korleis du brukar det her.