Fritidskort i Kvam


Klikk for stort bilete  

Fritidskortet gjev barn og unge ( 6-18 år) i Kvam kr 900 pr halvår til å betala medlemskontingent for faste, organiserte fritidsaktivitetar over tid !

Kvam herad har søkt og fått tilskotsmidlar til eit pilotprosjekt i tidsrommet 1.8.20-1.8.21 i regi av Bufdir.

Målet med Fritidskortet er at barn og unge i Kvam skal delta i faste, organiserte fritidsaktivitetar saman med venner og klassekameratar over tid. Lag og organisasjonar må registrera seg og sine tilbod i Friskus, ( bli arrangør). Me oppfordrar alle lag som tilbyr fritidsaktivitetar for barn og unge til å registrera seg !

Barn og unge kan henta ut fritidskortet i Friskus frå august 2020.

Kristin Lundblad er tilsett som prosjektleiar frå 1.8.20 

 

Kontaktpersonar: Reidun Braut Kjosås og Mary Ann Sørheim

Fritidskortet

Mary Ann Sørheim
Kulturkonsulent og kinosjef
E-post
Telefon 56 55 69 06