I år vert ferieklubben i veke 26 og 27, dvs. frå 27. juni til 8. juli. Opningstidene vert kl. 0830 til 1500 i SFO-lokala ved Norheimsund skule.
Pris:
kr. 1025 per veke pr barn
kr. 267 for ein enkeltdag
Prisane er inkludert alle aktivitetar og eit måltid. Ein kan vera med ei eller båe vekene, eller enkle dagar.
Aktivitetar:
Aktivitetar kan vera skogstur, idrettsdag, kino, gardsbesøk, utflukter m.m. Det kan verta forandring i programmet etter vertilhøve.
Påmelding:
Du søkjer om plass via det digitale søknadsskjemaet.
Påmeldingsfrist: 1. juni 2022.
Det er avgrensa med plassar, fyrstemann til mølla! Påmeldinga er bindande. Dersom barnet treng ekstra ressursar, må du ta kontakt med kulturkontoret snarast.
For meir informasjon:
Kontakt kulturkontoret via tlf. 56 55 30 00, eller send ein e-post til Lillian Kvamsøy på lilk@kvam.kommune.no.