Ferieklubben 2021

Kvam herad arrangerer ferieklubb for born sommaren 2021. Klubben er open for born i alderen 6-10 år (til og med 4. trinn), og held til i Norheimsund og Øystese.

Klikk for stort bilete  

I år vert ferieklubben i veke 25 og 26, dvs. frå 21. juni til 2. juli. Opningstidene vert kl. 0830 til 1500 i SFO-lokala ved skulane i Norheimsund og Øystese.

Born som går i 4.klasse vil og kunna delta på nokon aktivitetar på  Ung Fritid Sommarskule. Meir informasjon om dette tilbodet kjem seinare.

Pris:

kr. 800 per veke pr barn
kr. 200 for ein enkeltdag

Prisane er inkludert alle aktivitetar.  Ein kan vera med ei eller båe vekene, eller enkle dagar. Borna må ha med niste.

 

Aktivitetar:

Aktivitetar kan vera skogstur, idrettsdag, kino, gardsbesøk, utflukter m.m. Det kan verta forandring i programmet etter vertilhøve. 

Påmelding:

Ein søkjer om plass via det digitale søknadsskjemaet.

Påmeldingsfrist: 4. juni 2021. 

Det er avgrensa med plassar, fyrstemann til mølla! Påmeldinga er bindande. Dersom barnet treng ekstra ressursar, må du ta kontakt med kulturkontoret snarast.

For meir informasjon:

Kontakt kulturkontoret via tlf. 56 55 30 00, eller ferieklubben@kvam.kommune.no.