Ferieklubben 2020

Klikk for stort bileteKulturkontoret arrangerer Ferieklubb for barn i alderen 6 - 10 år i veke 26 (22. juni - 26. juni) og veke 27 (29. juni til 3. juli). 

Ferieklubben vil i år vera delt i fleire grupper og ha base på SFO i Norheimsund og Øystese. Klubben er open frå 08.30 til 15.00 måndag til fredag.

Aktivitetar: friluftsaktivitetar, kino, utflukter, temadagar, aktivitetar i nærmiljøet mm.
 
Påmeldinga må gjerast av foreldre /  føresette innan 3. juni 2020, via det digitale påmeldingsskjemaet. Det vert avgrensa tal på plassar, og ein kan vera med enkeltdagar eller heile veker. 

Pris: kr 800 pr. veke, kr 200 pr. dag.

Ved spørsmål eller dersom de får problem med påmeldinga, ta kontakt med Lillian Kvamsøy på kulturkontoret, tlf. 900 58 018, eller på e-post ferieklubben@kvam.kommune.no.