Ferieklubben 2019

Klikk for stort bilete Kvam herad arrangerer ferieklubb for born tre veker kvar sommar. Klubben er open for born i alderen 6-10 år, og held til i Norheimsund.

Opningstider og frammøtestad:

Måndag-fredag kl 08.30-15.00 i SFO-lokala ved Norheimsund skule

Prisar (pr. barn):

Kr 970 pr. veke 
Kr 240 pr. enkeltdag

Prisane er inkludert mat og alle aktivitetar. Ein kan vera med ei eller fleire veker eller enkle dagar.

Aktivitetar:

Vekene 26, 27

Friluftsliv, ballspel, bading, formingsaktivitetar, leik, kino, utflukter, temadagar m.m. Me gjer merksam på at alle aktivitetane ikkje skjer kvar veke.

Veke 33

13.08. VilVite
14.08. Friluftsdag i Strandebarm

Påmelding:

Ein søkjer om plass via det digitale søknadsskjemaet.

Påmeldingsfrist: 3. juni 2019 

Det er avgrensa med plassar, fyrstemann til mølla! Påmeldinga er bindande. Dersom barnet treng ekstra ressursar, må du ta kontakt med kulturkontoret før 1. mai.

For meir informasjon:

Kontakt kulturkontoret: 56 55 30 00 / 900 58 018, eller ferieklubben@kvam.kommune.no.