Fått tilskot til kultur og idrett?

Klikk for stort bileteLag og organisasjonar som har fått til tilskot til kultur og idrett må hugsa rapportfristen 30. november 2020. 

Dette gjeld:

  • Lag og organisasjonar som har fått driftstilskot. Det må då leverast årsmelding og revidert rekneskap for 2019.
  • Lag/organisasjonar/anlegg som har faste årlege tilskot. Det må då leverast årsmelding og revidert rekneskap for 2019.
  • Tilskot til leikeplassar, idrettsanlegg, nærmiljøtiltak og lokale kulturhus. Bruk det digitale rapportskjemaet og lever også dokumentasjon på innkjøp.

Derom de har spørsmål, ta kontakt med kulturkonsulent Mary Ann Sørheim på tlf. 56 55 69 06 eller e-post MARS@kvam.kommune.no.

Frist for innsending av rapportskjema og dokumentasjon er 30. november 2020. Rapportskjemaet sender de digitalt, via lenkja over. Annan dokumentasjon skal sendast til postmottak@kvam.kommune.no eller til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund. Merk sendinga med kva det gjeld. 

Det er ikkje mogleg å overføra tilskot til 2021.