Faktura frå kommunen: endring i sjølvkostgebyr på vatn og avlaup

Illustrasjonsbilete av vassmålar. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete av vassmålar. Pixabay. Sluppe under CC0-lisens. Vatn og avlaup er gebyrfinansierte tenester. Det inneber at alle som er kopla til vass- og avlaupsnettet betaler for drift og investeringar på desse områda. I desse dagar vert det sendt ut faktura. 
 

Kommunen har ikkje høve til å tene pengar på tenestene. Eventuelle overskot frå enkeltår skal tilbakeførast til abonnentane eller brukarane i form av lågare gebyr innan dei neste fem åra.

Slutt på Kvamskogen-fond

Dette inneber at dersom kommunen har avsette overskot som er eldre enn fire år, må overskotet brukast til å redusera gebyra i det komande budsjettåret. Dette har vore tilfelle for abonnentane på Kvamskogen, som var eit eige gebyrområde fram til 2017. Der har det vore opparbeidde fond som måtte brukast opp innan 2018/2019. Av den grunn har abonnentane på Kvamskogen dei siste åra hatt reduserte gebyr på vatn, og ikkje gebyr for avlaup. Gebyra er i staden trekt frå fonda. No er fonda nullstilte, og abonnentane må difor betala vanleg pris. 

Samstundes aukar kommunen sine kostnader i samband med ferdigstilling av fleire større prosjekt innan vatn og avlaup. Det største og viktigaste av desse er reinseanlegget på Notanes i Øystese. Dette inneber også at gebyra aukar for alle abonnentar.

Vassmålar

Private abonnentar kan velja om dei vil betala vassavgifta etter målt forbruk (ved hjelp av vassmålar) eller stipulert forbruk, der bustaden sin storleik vert nytta som grunnlag.

Nybygg har krav om å installera vassmålar, og Kvam herad rår også andre abonnentar til å velja dette.

Oversikt over kommunale gebyr og prisar

Oversikt over kommunale gebyr og prisar finn du på ei eiga side. Nedanfor finn du svar på ein del vanlege spørsmål om både vassavgift, eigedomsskatt og faktura. 

Ofte stilte spørsmål om kommunale gebyr

Fann du det du leitte etter?