Den nye kommuneplanen er no tilgjengeleg

8. oktober 2019 vedtok heradsstyret i Kvam den nye arealdelen av kommuneplanen. Den gjeld fram til 2030, og erstattar kommuneplanen sin arealdel frå 2006, samt kommunedelplan for Norheimsund frå 2003.

  

Kommunedelplan for Kvamskogen inngår ikkje i den nye planen. 

Du finn informasjon om den nye kommuneplanen på sidene for planar, strategiar og styringsdokument her på kvam.no. Du kan også gå rett inn i det digitale plankartet for å studera planen nærare.