Sommarles er for alle!
På Sommarles.no kan ein registrere både bøker som barna har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker).
- For kvar bok som blir registrert, får deltakarane XP (poeng) og går etter kvart opp i level.
- Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket.
- På Sommarles kan de også få lesetips og løyse oppgåver knytte til Sommarlesforteljinga for året, skriven av forfattar Mari Moen Holsve.
For å bli med på Sommarles.no går de inn på nettsida som opnar 1. juni, og lagar ein profil til barnet.
Lenke til sommarles.no finn du ved å klikk her!
Om de treng hjelp, er det berre å spørje på biblioteket dykkar. Så er det berre å lese i veg!
Me håpar at de vil hjelpe barna slik at dei kan delta på lesekampanjen og få gode leseopplevingar heile sommaren!
Ta gjerne turen innom biblioteket dykkar for å få vite meir.
God sommar med Sommarles.no!