Avgrensa høyring - kommuneplan

Klikk for stort bilete Formannskapet har vedteke å leggja kommuneplanen sin arealdel ut til avgrensa høyring. Det skjer i perioden 3. mai - 14. juni 2019.

Det er berre høve til å sende inn innspel på endringar som er vedteke sidan kommuneplanen var til offentleg ettersyn.

Informasjon om planframlegget vert ikkje sendt ut til deg som privatperson. Du må sjølv setja deg inn i korleis planframlegget påvirkar deg og dine interesser. Du kan sjå plankartet i Kvam herad si kartløysing.

Merknad til planframlegget skal leverast skriftleg. Dei kan sendast Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund, eller per e-post postmottak@kvam.kommune.no. Merk brev og e-postar med: "Avgrensa høyring kommuneplan".

Merknadsfristen er 14. juni 2019. 

Dokument i saka: