Øystese idrettshall

Øystese idrettshall ligg i sentrum av Øystese. I nær tilknyting til hallen ligg og utandørs kunstgrasbane. Hallen vart opna i 2007 og er mellom anna tilrettelagt for håndball, basketball, volleyball og badminton. I hallen finn du og  ein klatrevegg med fleire ruter i ulik vanskegrad (sal 3).

Utleige

DAGTID, fram til kl 16.00: Skulen disponerer hallen. Ønskje om leige på dagtid må avklarast direkte med skulen.

KVELDSTID/HELG: All tinging av hallen på kveldstid/helg må gå gjennom Kvam herad. 

For reservasjon, bruk det digitale skjemaet for dette.

Når er hallen i bruk?

Ledige bolkar på vekedagane vert disponert av Øystese fotball. Alderbestemte lag vil trena inne i hallen vinteren 2020 / 2021 (januar til mars).