Norheimsund idrettshall

Norheimsund idrettshall ligg sentralt plassert i Norheimsund, vegg i vegg med Norheimsund skule. Hallen er mellom anna tilrettelagt for handball, basketball, volleyball, innebandy og badminton.

Utleige

DAGTID, fram til kl 16.00: Skulen disponerer hallen. Ønskje om leige på dagtid må avklarast direkte med skulen.

KVELDSTID/HELG: All tinging av hallen på kveldstid/helg må gå gjennom Kvam herad. 

For reservasjon, bruk det digitale skjemaet for dette.

Når er hallen i bruk?

Ledige bolkar mellom kl. 17 og 20 måndag til torsdag vert disponert av NIL Fotball, til trening for aldersbestemte lag. Fotballen startar opp trening etter haustferien.