Ynskjer innspel om integrering

I januar 2020 byrja arbeidet med å laga ein ny strategiplan for integrering i Kvam. Prosjektgruppa ynskjer seg innspel frå innvandrarar i kommunen.

Den nye planen er ei vidareføring av ein strategiplan som kom i 2015. Planen er meint å skapa ei brei fagleg plattform for integreringsarbeidet i heradet vårt.

Arbeidet er lagt under Flyktningstenesta, og Kristin Lundblad er prosjektleiar. Leiargruppa til rådmannen fungerer som styringsgruppe. I mai vart det også sett ned ei prosjektgruppe, som skal syta for at ulike kommunale einingar og tenester er med i arbeidet med planen. I denne sit Jon Nedkvitne (samfunns- og utviklingssjef, Kvam herad), Ingjerd Pedersen (leiar for forvaltarkontoret), Lena Laupsa (representant for legane), Sidsel Haugen (leiar i Grannehjelpa), Grete Helen Mæland (helsesjukepleiar), Elin Tonning (fagleiar i Flyktningtenesta), Kjell Arne Gjøn (rektor ved vaksenopplæringa) og Ingunn Teigland (lærar i grunnskulen).

Prosjektgruppa har utforma eit hovudmål for arbeidet: «Alle innbyggjarar i kommunen vår skal kunna delta og bidra i kvardagslivet, og få kjenna at dei høyrer til i Kvam».

Kartlegging og intervju

Prosjektet er no inne i ei kartleggingsfase, der både kommunale einingar og tenester, andre etatar, næringsliv og organisasjonar kjem til å vera spurde om å delta i ei spørjeundersøking. Den skal danna grunnlaget for kva mål og tiltak me ser føre oss i integreringsarbeidet i kommunen framover.

Det skal også gjennomførast intervju med representantar for innvandrarar i Kvam, som kan seia noko om kor skoen trykker: korleis integreringsarbeidet i Kvam faktisk vert opplevd. Det skal gjennomførast intervju med menneske med ulike innvandringshistorier: dei som har kome som arbeidsinnvandrarar, dei som har kome gjennom familieinnvandring og dei som har kome som flyktningar.

Prosjektgruppa kjem til å kontakt ein del personar direkte, men ynskjer også å invitera deg som er innvandrar i kommunen vår, til å ta kontakt. Alle som har lyst å koma med innspel i samband med planen, må meir enn gjerne ta kontakt. Prosjektleiar Kristin Lundblad kan kontaktast på e-post.