Vil ha produksjonskjøken nær sentrum

RitaE / Pixabay Formannskapet går for ny brannstasjon på Mo, og for produksjonskjøken i området Norheimsund – Øystese. Sakene skal avgjerast i heradsstyret.

Blant sakene som stod på sakslista var også framtidig politisk organisering i Kvam herad. Rådmannen har føreslege å leggja ned nærings- plan- og bygningsutvalet, og syner til nedgang i talet på saker som vert handsama i utvalet.

Dette er det fleire årsaker til: Plan- og bygningslova er endra, slik at færre tiltak enn tidlegare er søknadspliktige, og dessutan vart det i 2016 vedteke eit nytt delegeringsreglement. Det siste medfører at fleire saker vert handsama av administrasjonen. Rådmannen reknar også med at den nye arealplanen vil føra til endå færre dispensasjons- og klagesaker i neste valperiode.

Fleirtalet i formannskapet slutta seg til rådmannen sitt framlegg om å leggja ned utvalet, noko som inneber at oppgåvene vert overført til formannskapet etter valet. Ottar Randa frå Høgre sette fram eit alternativt framlegg, som innebar at ein framleis skulle ha eit slikt utval, men med ni medlemer, mot elleve i dag. Dette framlegget fekk berre Høgre si eiga røyst.

Endeleg vedtak i saka skal gjerast av heradsstyret. Det same gjeld for plassering av framtidig brannstasjon for Norheimsund og Øystese. Der slutta formannsskapet seg samrøystes til rådmannen sitt framlegg om å leggja dette på Mo i Steinsdalen, like ved lensmannskontoret.

Ulike syn om produksjonskjøken

Meir diskusjon vart det om produksjonskjøken. Her hadde rådmannen rådd til at det skal arbeidast vidare med etablering av eitt slikt kjøken i kommunal regi, med mål om å starta produksjon av middagslaging til institusjonar og heimebuande i Kvam frå 1. mars 2020, og innanfor rammene til noverande middagslevering.

I saksutgreiinga skriv rådmannen også: «På grunn av logistikken, tidsfristar for utkøyring av mat og geografien i kommunen, må vera lokalet i området Norheimsund – Øystese».

Frode Nygård (Frp) ynskte å få presisert dette også i innstillinga til heradsstyret, og fekk støtte til det frå Ap, Høgre og Krf. Senterpartiet meinte derimot ulike lokalitetar må vurderast, men deira framlegg om dette fekk berre Sp sine eigne røyster.

Orienteringar

Orienteringane i fleire saker som vart lagt fram for formannskapet er tilgjengelege i kommune-TV. Det same gjeld ei orientering frå Statens Vegvesen om ny vegløysing utanom Tokagjelet på Fv7, der dei fortel om arbeidet som så langt er gjort med å sjå på ulike tunnelløysingar, i samband med at det skal leggjast fram ein kommunedelplan.