Vil du vera nokon sin Plusskamerat?

Pandemien er endå ikkje over, og me søkjer difor Plusskameratar som kan besøka eldre heimebuande for å førebyggja einsemd.

Det inneber eitt til to besøk i veka i ein tidsavgrensa periode. Me har og såplanar om sosiale møteplassar framover, og Plusskameratane er då inviterte saman med dei heimebuande.

Lurer du på om dette er noko for deg? Ta gjerne kontakt med Hanne Mari Aarsand (tlf. 941 55 058) eller Hilde Ystanes (tlf. 974 23 286).