Vil du skapa semje?

Andreas Haldorsen, CC BY-SA 4.0 No treng me fleire møtefullmektigar til Forliksrådet. Dette er eit viktig verv som passar for ein samfunnsinteressert person som ynskjer å bidra til å skapa semje.

Forliksrådet er det lågaste nivået i rettssystemet for sivile saker. Det er både ein meklingsinstans og ein domstol, og har som hovudoppgåva å leggja til rette for at partane ved mekling eller dom får løyst saka si enkelt, hurtig og billig. 

Alle kommunar har eit forliksråd. I Kvam treng med no fleire personar som kan påta seg å vera møtefullmektig. Ein møtefullmektig har i utgangspunktet i oppgåve å representera ein av partane som møtest for å verta samde i forliksrådet. Det er eit viktig verv, og eit verv den rette vil oppleva som meiningsfylt. 

Kven kan vera møtefullmektig?

Du må vera over 25 år for å vera møtefullmektig, og under 70 år ved starten på valperioda. Du må også ha alminneleg god kunnskap om samfunnet og du bør ha noko kunnskap om forliksrådet si verksemd. I tillegg må du beherska norsk godt både skriftleg og muntleg.

Om du er ein vaksen og samfunnsinteressert person som ynskjer å bidra gjennom eit viktig verv ein gong i blant, kan dette med andre ord passa for deg.

Interessert?

Dersom du trur dette kan passa for deg, ta kontakt med politisk sekretariat. Send ein e-post til politisk.sekr@kvam.kommune.no med namn, telefonnummer og e-postadresse, så tek me kontakt. 

Kari Weltzien Vik
Leiar
E-post
Telefon 99 54 30 57
Mobil 99 54 30 57