Vellukka digitalt formannskapsmøte

Formannskapet hadde eit digital møte i går. Der fekk dei informasjon om koronaarbeidet til heradet så langt, og det vart gjeve ros for jobben som så langt er gjort. Men det var andre saker som stod i høgsetet. 

Nei til zipline frå Seberg

Blant sakene som stod på sakslista var ei prinsippavgjersle rundt zipline frå Seberg og ned til Movatnet. Her er det som kjent fremja ynskje om å utarbeida ein reguleringsplan for ei slik zipline. 

I saksutgreiinga skriv rådmannen at innspel som kan skapa auka attraktivitet for turisme og opplevingar er velkomne, men at området ved Movatnet som ville verta påverka av ei slik zipline har svært høge naturverdiar, og at både start- og landingspunkta som er skissert er område som idag vert nytta til landsbruksformål. Det gjorde at rådmannen rådde frå at det vart starta opp arbeid med å regulera ei slik zipline, og at ho istadenfor peiker på å at zipline og liknande bør skje i område med mindre konfliktpotensiale, og om mogeleg i samarbeid med etablerte anlegg for turisme.

Formannskapet konkluderte som rådmannen, og opnar difor ikkje opp for at det kan startast arbeid med å regulera ei zipline frå Seberg, av di konsekvensane for naturverdiane og landbruket vil vera svært negative.

Av andre saker formannsskapet diskuterte var rusmiddelpolitisk handlingsplan for dei neste åra, som vart teke til vitande, oppstart av arbeidet med ein kommunal planstrategi og hovudplan for skogsvegar i Kvam, saker som også skal opp i heradsstyret. I den sistnemnde saka gjorde formannskapet framlegg for heradsstyret om ein del endringar på det framlagte plandokumentet. Som hovudmål meiner formannskapet at ein skal halda fram med å planleggja og byggja eit skogsvegnett for næringsverksemd i skog i kommunen, samstundes som ein tek omsyn til miljøverdiar, klimatiltak, kulturlandskap, friluftsliv og anna verdiskaping.

Sakslista til formannskapsmøtet ligg i Kvam herad sin innsynsportal. Der vert også protokollen frå møtet lagt ut når den er klar. Opptak frå møtet er også tilgjengeleg via kommune-TV, sjølv om det denne gongen vert meir for kommuneradio å rekna, grunna manglande bandbreidde til gjennomføring av fjernmøte med video.