Velkomen til pårørandeskule

For deg som har kontakt med menneske med demens. 
Kveldskurs 21. mars, 28. mars, 18. april og 25. april kl 18 - 21

Bilde av eldre mann - Klikk for stort bilete Unsplash

Velkomen til pårørandeskule i Kvam!

Kveldskurs 21. mars, 28. mars, 18. april og 25. april kl 18 - 21.
I Norheimsund kyrkje, kyrkjelydssalen.

Kurset er for deg som ynskjer:

  • informasjon og kunnskap om demenssjukdom
  • å få gode råd og tips om korleis du kan meistra situasjonen
  • å møta andre pårørande i same situasjon

Program tysdag 21. mars, kl. 18:00-21:00
> Demens: Sjukdomstilstandar, symptom, utvikling og behandling v/ Geriater Svein Ivar Fylkesnes
Info om kommunale tilbod – diskusjon og spørsmål.

Program tysdag 28. mars, kl. 18:00-21:00
> Det gode måltid, mat & ernæring, v/ernæringsfysiolog Eli Skeie
> Kommunikasjon og samhandling v/vernepleier Ingebjørg Langesæter
Innlegg frå pårørande  - diskusjon og spørsmål.

Program tysdag 18. april, kl. 18:00-21:00
>Musikk som aktivisering, stimulering og terapi, v/Anne Kathrine Eiken, rektor Kvam musikkskule

> Juridiske spørsmål ved demens v/advokat Gunnar Skeie
Gode demensforløp – diskusjon og spørsmål


Program tysdag 25. april, kl. 18:00-21:00
> Kva tekniske hjelpemiddel fins? v/ergoterapeut
> Kva er god omsorg? v/hjelpepleiar Synnøve V. Steine
> Korleis «stå i det» ?
Innlegg frå pårørande - diskusjon og spørsmål.

NB! Programmet kan verta endra.

Kurset er gratis og ope for alle!

Påmelding innan: 17.mars 2023

Ta kontkat med Liv Skutlaberg:
E-post: 
lisk@kvam.kommune.no eller SMS mobil 993 49 586.

Kvam herad i samarbeid med Demensforeininga i Kvam.

Logoen til demensforeninga i Kvam - Klikk for stort bilete