Vedtok bygging av nye Strandebarmheimen

Slik ser planane for den nye Strandebarmheimen utHeradsstyret gjekk tysdag ettermiddag samrøystes inn for at arbeidet med den nye Strandebarmheimen skal setjast i gang på Tangerås ved Strandebarm skule.

Til liks med formannskapet gjekk heradsstyret inn for det såkalla alternativ A, som inneber eit løysing på eit plan, med 26 omsorgsbustader på 29 kvadratmeter kvar. I tillegg skal nybygget husa base for heimetenester, dagsenter og lokale for lege og fysioterapeut. 

Heradsstyret vedtok også at prosjektet skal omfatta ein opsjon på institusjonskjøken. I tillegg kan det vera aktuelt med eit tilbygg for å husa helsetenester som i dag held til i Strandebarmtunet. Her har heradsstyret lagt inn ein føresetnad om at det ikkje må føra til ei auke i lånegjelda.

Atrium med glastak

Midt i bygget skal det koma eit atrium med glastak. Her har ein henta inspirasjon frå Luranetunet i Os kommune, der ein har ein "tropehage" med glastak. Dette området vil gje rom for ulike aktivitetar, og dessutan bidra til auka trivsel for både bebuarar og tilsette. 

Skal kosta 127 millionar

Kostnadsramme for prosjektet er på 127 millionar kroner. Delar av finansieringa kjem frå investeringstilskot frå Husbanken og frå kompensert meirverdiavgift. I tillegg kjem både inntekter frå sal av eksisterande eigedomar og eit låneopptak rekna til i overkant av 60 millionar kroner.