Vedteken reguleringsplan – Utviding av setjefiskanlegget Hardingsmolt i Tørvikbygd

Plangrense

Kunngjering av Kvam heradstyre sitt vedtak om godkjend regulering. Frist for å framsetja klage er 03.02.23

Kvam heradstyre vedtok den 27.09.22, sak 087/22, reguleringsplan for utviding av setjefiskanlegget Hardingsmolt i Tørvikbygd 

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for utvikling av næringsareal og utbetring av krysset mellom Lysevegen og fylkesveg 576. 

Planen er fremja Hardingsmolt AS og utarbeidd av Covi og Norconsult

Grunneigarar, festarar, tilgrensande naboar m.fl. er varsla om godkjend reguleringsplan pr brev.

  • Saksutgreiing og vedtak, HST-sak 087/22
    • Kvam heradsstyre sitt vedtak inneheld 5 vilkår.  I oppdatert plankart og føresegner er vilkår nummer 2 og 4 innarbeidd, medan vilkår 3 og 5 er ivarteke gjennom tidlegare vedteken reguleringsplan som grensar til planområdet.  Vilkår nummer 1 er ivareteke gjennom vedlagt notat som dokumenterer terrengendringar i planområdet.
  • Plankart 20200006 (PDF, 8 MB)
  • Føresegner 20200006 (PDF, 313 kB)

Alle registrerte dokument i reguleringssaka finn du her:

  • Arkivsak 20/929, dokument registrert før 18.08.21
  • Arkivsaknr 21/10875 - dokument registrert etter 18.08.21

Via Kvam herad si kartløysing kan du få fram planområdet ved å søkja på Planid 20200006

 

  • Vedtak om godkjend reguleringsplan er kunngjort på Kvam herad sine nettsider og i Hordaland Folkeblad den 13.01.23
  • Heradsstyret sitt vedtak om godkjend reguleringsplan kan klagast på av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf. Plan- og bygningslova §§ 12-12 og 1-9. Frist for å framsetja klage er 03.02.23
    • Klagen bør vera kortfatta, presis og grunngjeven
    • Klage skal stilast til Statsforvaltaren i Vestland, men leverast skriftleg til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund.
  • Evt krav om erstatning el. innløysing må setjast fram skriflteg for Kvam herad innan 3 år frå kunngjeringsdato av vedtaket, jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3. 

 

Du som har spørsmål el. ynskjer meir informasjon om planframlegget kan ta kontakt med:

Trond Inge Myhre Brakestad
Sakshandsamar
E-post
Telefon +47 56 55 06 32