Vedteken reguleringsplan - Bustadfelt på Drage, Tørvikbygd

Plangrense

Kunngjering av Kvam heradstyre sitt vedtak om godkjend regulering. Frist for å framsetja klage er 03.02.23

Kvam heradstyre vedtok den 08.11.22, sak 117/22, reguleringsplan for bustadfelt på Drage, Tørvikbygd 

Hovudføremålet med reguleringsplanen er å utvikla området som ligg mellom barnehagen og skulen i Tørvikbygd til bustadområde. Planen opnar opp for inntil 47 nye bustader og den legg til rette for ei variert bustadutbygging med einebustader og rekkjehus/fleirmannsbustadar. 

Reguleringa er fremja av Fuglafjell AS som tiltakshavar, og utarbeidd av Geoplan AS.

Grunneigarar, festarar, tilgrensande naboar m.fl. er varsla om vedteken reguleringsplan pr brev.

Alle registrerte dokument i reguleringssaka finn du her:

  • Arkivsak 22/1718 dokument registrert etter 31.12.21
  • Arkivsaknr 19/1021 - dokument registrert før 31.12.21

Via Kvam herad si kartløysing får du få fram planområdet ved å søkja på Planid 20190005

 

  • Vedtak om godkjend reguleringsplan er kunngjort på Kvam herad sine nettsider og i Hordaland Folkeblad den 13.01.23.
  • Heradsstyret sitt vedtak om godkjend reguleringsplan kan klagast på av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf. Plan- og bygningslova §§ 12-12 og 1-9. Frist for å framsetja klage er 03.02.23
    • Klagen bør vera kortfatta, presis og grunngjeven
    • Klage skal stilast til Statsforvaltaren i Vestland, men leverast skriftleg til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund.
  • Evt krav om erstatning el. innløysing må setjast fram skriflteg for Kvam herad innan 3 år frå kunngjeringsdato av vedtaket, jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3. 

Du som har spørsmål el. ynskjer meir informasjon om planframlegget kan ta kontakt med:

Leiv Ingmar Kaale
Rådgjevar
E-post
Telefon +47 91 15 26 40