Vedteken kommunedelplan for Fv 49 forbi Tokagjelet

Klikk for stort bileteKunngjering av Kvam heradstyre sitt vedtak 29.09.20

Kvam heradstyre vedtok den 29.09.20, sak 096/20, kommunedelplan for Fv49 forbi Tokagjelet 

Planen er eit rassikringsprosjekt for fv.49 forbi Tokagjelet. Planområdet omhandlar trasè for fv 49 mellom Steinsdalen i Kvam herad og Eikedalen i Samnanger kommune. Prosjektet skal følgjast opp med reguleringsplan for å avklara detaljar kring m.a. påhogg tunellopningar.

Statens vegvesen stod for utarbeiding av planframlegget som var til offentleg ettersyn og høyring i perioden 07.10.19 - 19.01.20. Vestland fylkeskommune overtok planarbeidet frå 01.01.2020. Etter høyringa vart det arbeidd vidare med to aktuelle alternativ. Dette var:

  • B1 Kletten – E1 Kleven
  • B1 Kletten – E3 Eikedalen

Vestland fylkeskommune tilrådde alternativ B1 Kletten – E3 Eikedalen. Grunngjeving for tilrådinga framgår av planomtalen. Både Kvam herad og Samnanger kommune har vedteke det tilrådde alternativet.

For meir informasjon:

Alle registrerte dokument i reguleringssaka finn du på arkivsaknr 16/2192

  • Vedtak om godkjend kommunedelplan er kunngjort på Kvam herad sine nettsider og i Hordaland Folkeblad den 10.11.20.
  • Informasjonsbrev er sendt til ulike sektormynde og organisasjonar som kan ha interesser i planarbeidet.
  • Informasjonsbrev om vedtaket vert ikkje sendt til den enkelte grunneigar el annan part.
  • Heradsstyret sitt vedtak om godkjend kommunedelplan kan ikkje påklagast, jf Plan- og bygningslova § 11-15.

Har du spørsmål el. ynskjer meir informasjon om planen kan du ta kontakt med:

Jon Nedkvitne
Sjef samfunn næring og kultur
E-post
Telefon 979 53 274