Varsel om oppstart reguleringsplan for gang- og sykkelveg frå Ungdomsheimen til Kvamskogen Landhandleri

Klikk for stort biletePlangrense 20200005Kunngjering av oppstart utarbeiding av reguleringsplan. Frist for innspel er 14.08.20

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette kunngjort oppstart av reguleringsplan for gang- og sykkelveg på strekninga mellom Ungdomsheimen og Kvamskogen Landhandleri på Kvamskogen. Det kan også verta aktuelt å setja av areal til framtidig plassering av kjeldesortering/returpunkt for renovasjon innanfor planområdet.

Det er Kvam herad som utarbeider reguleringsplanen. Framlegg til reguleringsplan vil verta sendt på høyring før endeleg handsaming av Kvam heradsstyre.                                             

I 2015 vart det vedteke ein reguleringsplan for fylkesvegen på denne strekninga (planID 20110018). Denne reguleringsplanen viser m.a. utbetring av køyrevegen med nye kryss, ventefiler, gang- og sykkelveg og planfrie kryssingar for mjuke trafikantar. Kostnadsoverslag viste at tiltaka i reguleringsplanen var svært kostbare å gjennomføra. Det er difor sett på enklare løysingar for å trygga mjuke trafikantar som ferdast på strekninga mellom Ungdomsheimen og landhandleriet. Løysinga vart forsøkt fremja via ei dispensasjonssak, men vart avslått pga manglande regulering. Det er denne forenkla løysinga som vil liggja til grunn for ein ny reguleringsplan.

Kvam herad er kjend med at BIR arbeider med å få på plass nye løysingar for renovasjon på Kvamskogen. Desse bør plasserast slik at dei har lett og trygg tilkomst og er enkle å bruka for flest mogeleg. I arbeidet med ny reguleringsplan vil det verta sett på om denne strekninga er aktuell for eit slikt returpunkt.

Planområde 20200005 (PDF, 2 MB)

Avslått dispensasjonssak for bygging av gang- og sykkelveg

Alle registrerte dokument til oppstarta regulering er å finna på arkivsaknr 20/811

Avslått dispensasjonssak er å finna på arkivsaknr 17/1610

 

Grunneigarar, festarar, tilgrensande naboar m.fl. er varsla om oppstart regulering pr brev 

Frist for innspel til planarbeidet er sett til 14.08.20

Innspel som kan ha innverknad på eller vera av interesse for planarbeidet skal leverast skriftleg og sendast til Kvam herad; Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund eller via epost: postmottak@kvam.kommune.no  

Alle innspel vil verta vurdert og liggja ved den vidare handsaminga av plansaka.

Evt. spørsmål til planarbeidet kan rettast til sakshandsamar i saka:

  • Heidi Ørjansen,   tlf 90541203      heiorj@kvam.kommune.no
  • el. fellessekreteriatet tlf 56553000  postmottak@kvam.kommune.no

 

Heidi E. Ørjansen
Einingsleiar plan og byggesak
E-post
Telefon 905 41 203