Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan - Skoglund i Vikøy

I medhald av plan- og bygningslova §12-8 vert det kunngjort oppstart av detaljreguleringsplan for Skoglund i Vikøy.

Forslag til planområde

Planområdet er på ca. 8,3 daa og ligg på gnr. 7 bnr. 1, 41, 50, 82, 83, 92, 163 og 172 i Vikøy i Kvam herad. Føremålet med reguleringsplanen er tilrettelegging av bustadar. Området er i tråd med arealføremålet i gjeldande reguleringsplan, 123820020001 Hegrehaugen, men det er ikkje
lagt til rette for fortetting og må difor regulerast på nytt. Området er i tråd med arealføremålet i gjeldande kommuneplan og føremålet er ikkje endra i kommuneplan under arbeid. Heradet vurderer difor planen til å ikkje utløyse krav om planprogram jf. PBL §4-1 og konsekvensutgreiing jf. PBL §4-2.

I notat frå oppstartsmøte er det gitt opplysningar om planprosessen og kva tema som er aktuelle å ta omsyn til:

 

Forslag til planområde er avgrensa som vist på kartskissa over.

Frist for innspel til planarbeidet er sett til 07.08.2019

Innspel som kan ha innverknad på, eller vera av interesse for planarbeidet, skal sendast til Geoplan AS, Sandvenvegen 17, 5600 Norheimsund, eller via e-post; post@geoplan.no. Spørsmål rettast til Geoplan AS på tlf. 56 55 62 33. Alle innspel vil verta vurdert og lagt ved planframlegget når det vert sendt inn til Kvam herad for handsaming.