Utvida vegstenging Norheimsvegen - ope 17. mai

Klikk for stort bileteAnleggsperioda for arbeidet på Norheimsvegen er utvida til 2. juni. Bakgrunnen er at det har dukka opp uføresette utfordringar undervegs, samt at oppgåver for fylkeskommunen har seinka arbeidet noko. Vegen vil vera open i påskeveka.

Som tidlegare meldt medfører stenginga endra skulebusstilbod til Norheimsund skule og Norheimsund friskule. Måndag morgon og fredagar (heile dagen) vil skulebusstilbodet gå som normalt. Utanom måndag morgon og fredag, må elevar som har henteplass på Norheim gå ned til hovudvegen og ta bussen der. På strekninga Djønne/Tolomarka vil bussruta vera dekka. Tysdagar og torsdagar startar bussen frå Djønne likevel kl 07:50, og ikkje 08:00 som vanleg.

16. mai er vegen stengt frå 8.30 - 14.00. 
17. mai er han open
18. mai er han stengt frå kl. 0700, til 19. mai kl. 15.30.