Ungdomsprisen i Kvam 2020

Kvam ungdomsråd vedtok på sitt møte 3.2.2020 at det skal delast ut ein ungdomspris til ein person eller til ei foreining/ eit lag som i løpet av året har utmerka seg på å laga til aktivitetar for ungdom i heradet. Statuttane for prisen vart vedteken på ungdomsrådet sitt møte 14.4.2020.

Kjenner du nokon som har utmerka seg i arbeidet for born og unge i Kvam dette året? Då kan du vera med på å føreslå kandidatar til Ungdomsprisen. Send ein epost til postmottak@kvam.kommune.no innan 10.12.2020 med ei kort grunngjeving, merk e-post med Ungdomsprisen 2020. 

Statuttane for prisen finn du her.  (PDF, 463 kB)

- Kvam ungdomsråd-