Ung fritid - ferieaktivitetar for unge

Klikk for stort bilete Ung fritid i Kvam er eit samarbeid mellom Kvam herad og Grannehjelpa, i samarbeid med friviljuge lag og organisasjonar. Mange av tilboda er gratis. Her finn du ein oversikt og informasjon om påmelding.

Det er avgrensa tal plassar, så «fyrstemann-til-mølla»-prinsippet gjeld. Påmelding er enklast via det digitale påmeldingsskjemaet, du kan også nytta e-post ungfritid@kvam.kommune.no. Om du ikkje har e-post kan du nytta telefon/SMS 915 85 236. 

Alle aktivitetar er gratis om ikkje anna er nemnt. Føresette må underteikna samtykkeskjemaet (gjeld transport, bading, allergiar m.m.). Oppmøtetidene er tilpassa buss mellom Øystese og Norheimsund. 

Har du spørsmål? Ring 915 85 236.

Merknad, 18. juni: Det er stor pågang på aktivitetane, og me jobbar med å få plass til flest mogleg. Alle vil få epost med melding om kva aktivitetar dei har fått plass på seinast i løpet av onsdag 19. juni. Følgjande aktivetetar har fleire påmeldte enn me har plassar til per no, men me jobber fortsatt med å utvide antal plassar: 25.06 Flipzone, 27.06 Høgt og lågt - klatreparken, 03.07 Paintball

Tilboda sommaren 2019

Tysdag 25. juni kl. 0930-1630 Oppmøte: Ungdomsbasen i Norheimsund (kjellaren i Kvam kino)

FLIPZONE TRAMPOLINEPARK i Bergen
Stort aktivitetssenter med trampoliner, foam pit, hinderløyper, slengdisse, Total Wipeout– og gladiatorleikar. Felles lunsj før heimreise.

Eigenandel kr 100,-. Betalast via Vipps 115791 eller kontant.

Onsdag 26. juni kl. 1100-1500 Oppmøte: Ungdomsbasen i Norheimsund (kjellaren i Kvam kino)

KUNST og HANDVERK

med Heidi Milje og Lina Lyngset i Gamleskulen på Norheim. Her kan du sy på symaskin, måla bilete og bruka kreativiteten din! Felles lunsj.

Torsdag 27. juni kl. 0930-1730 Oppmøte: Ungdomsbasen i Norheimsund (kjellaren i Kvam kino)

HØGT OG LÅGT KLATREPARK på Nesttun
Klatrepark med 115 element og 23 zip-lines. Ti forskjellige hinderløyper med ulik lengde og vanskelegheitsgrad. Felles lunsj før heimreise.

Eigenandel kr 100,-. Betalast via Vipps 115791 eller kontant

Fredag 28. juni kl. 1100–1500 Oppmøte: Ungdomsbasen i Norheimsund (kjellaren i Kvam kino) AKTIVITETSDAG og KINO
Open hall med trampett, buldrerom og skyting med pil og boge. Felles lunsj.
KINO kl. 1330: Aladdin
Aldersgrense 9 år. Ein kan vera med på kino, sjølv om ein ikkje er med på aktivitetar tidlegare på dagen
Fredag 28. juni kl. 2000—laurdag 29. juni kl. 0800 Oppmøte: Kvam ungdomsskule LAN-party
Ta med PC og alle naudsynte kablar (ekstra lange) og bli med og spel!
Det vert servert mat og drikke, men ein må gjerne ta med noko «digg» sjølv.
Treng du skyss, gje beskjed ved påmelding.
Tysdag 2. juli—fredag 5. juli  

UNGDOMSLEIR på HARDANGERVIDDA

Friluftsleir for deg mellom 13 og 18 år. Avgrensa tal plassar.
Pakkeliste og meir info får ein ved påmelding. Arrangør Lions Club
Norheimsund, Kvam herad og Grannehjelpa.
Eigenandel kr 100,-.

Måndag 1. juli kl. 1600-1900 Oppmøte: Ungdomsbasen i Norheimsund (kjellaren i Kvam kino) BIKETRIAL med verdsmeister EIRIK ULLTANG
Ta med sykkel og HJELM og lær triks av den beste! Enkelt måltid.
Tysdag 2. juli kl. 1100-1530 Oppmøte: Ungdomsbasen i Norheimsund (kjellaren i Kvam kino)


VIKINGTOKT og FISKING

Segltur med vikingskipet Tyra til Sandvenholmen.
Hugs redningsvest, badeklede og klede etter vêr og vind. Felles lunsj.

Onsdag 3. juli kl. 1100-1930 Oppmøte: Ungdomsbasen i Norheimsund (kjellaren i Kvam kino) RAFTING på Voss
Ta med badeklede til å ha på under våtdrakta, og handkle til dusj etter turen.
Eigenandel kr 100,-. Betalast via Vipps 115791 eller kontant.
Torsdag 4. juli kl. 1530-2000 Oppmøte: Ungdomsbasen i Norheimsund (kjellaren i Kvam kino) LEIRDUESKYTING og SKYTING PÅ BLINK
i Vangdalsåsen med instruktørar frå Hardanger skyttarlag og
Øystese jeger- og fiskarlag. Felles måltid.
Fredag 5. juli kl. 0930-1800. Oppmøte: Busshaldeplassen i Norheimsund

FAMILIETUR til MIKKELPARKEN
Ta med badeklede, handkle og ekstra klede til borna. Alle må syta for eigen mat.

Påmelding til Grannehjelpa: post@grannehjelpa.no

Eigenandel kr 100,- (for dei over 18 år). Vipps 115791 eller kontant.

Tysdag 13. august kl. 1100-1900

Oppmøte: Ungdomsbasen i Norheimsund (kjellaren i Kvam kino) PAINTBALL på Voss
Skogsbane, full av spanande dekningar og hinder. Felles lunsj.
Aldersgrense 13 år. Eigenandel kr 100,-. Betalast via Vipps 115791 eller kontant.
Onsdag 14. august kl. 0930-1630 Oppmøte: Ungdomsbasen i Norheimsund (kjellaren i Kvam kino) FLIPZONE TRAMPOLINEPARK i Bergen
Dei som ikkje var med den 25. juni vert spesielt prioritert denne gongen.
Felles lunsj. Eigenandel kr 100,-. Betalast via Vipps 115791 eller kontant.
Torsdag 15. august kl. 0930-1800. Oppmøte: Busshaldeplassen i Norheimsund

FAMILIETUR til MIKKELPARKEN
Dei som ikkje var med den 5. juli vert spesielt prioritert denne gongen.
Påmelding til Grannehjelpa: post@grannehjelpa.no

Eigenandel kr 100,- (for dei over 18 år). Vipps 115791 eller kontant.

 

Klikk for stort bilete

Andre tilbod i Kvam herad, sumaren 2019

Ta kontakt med den einskilde arrangøren for informasjon og påmelding. Nokre av tilboda har deltakaravgift som kvar einskild må dekkja sjølv.

Friluftsleiren på Kvamsøy veke 31 og 32

Sjå www.friluftsleiren.no eller ta kontakt med leirsjef Endre Helland på telefon 916 79 505. Leiren er spesielt tilrettelagt for dei som IKKJE er speidarar.

Kvam i kryss og krakje

Turlaget har tips til turar både i Kvam og andre stader.

Fotballskule

Norheimsund: Sjå norheimsundfk.no
Øystese: Sjå oystesefotball.no