TV-aksjonen 2021

Årets TV-aksjon går av stabelen sundag 24. oktober, og går til PLAN sitt arbeid for å bekjempa barneekteskap. Kvam herad har ein eiga digital bøsse på spleis.no.

Konsekvensane av barneekteskap er store, ikkje berre for jentene som vert gifta bort, men også for borna deira og for samfunnet dei lever i. Jentene vert hindra i å nå sine draumar og mål, og moglegheita til å skapa ei god framtid vert røva frå dei.

Barneekteskap bremsar utvikling og opprettheld fattigdom. Der jenter vert gifta bort som born og mister moglegheita til å gå på skule, aukar risikoen for at dei vert utsett for vald og overgrep. Dei mister retten til å bestemma over eige liv og kropp. Difor skal årets TV-aksjon arbeida for å få slutt på barneekteskap, og PLAN vil nytta dei innkomne midla til mellom anna yrkesopplæring og opplæring i entreprenørskap for jenter i Nepal og Bangladesh, opplysningskampanjar og opplæring i Malawi, til stipend til maliske jenter slik at dei får fullføra sin skulegang og til å trena opp helsepersonell og lærarar i Niger i seksuell og reproduktiv helse.

PLAN International er ein global bistandsorganisasjon som jobbar på grasrota for born sine rettar. Dei driv langsiktig utviklingsarbeid i meir enn 50 land og samlar inn pengar i meir enn 20.

Du kan gje gåver til TV-aksjonen slik:

  • via Kvam herad sin spleis til TV-aksjonen
  • til bøsseberarane
  • gjennom å setja inn bidraget ditt på innsamlingskonto 8380 08 09005
  • gjennom å bruka Vipps, nr. 2133

Meir informasjon finn du på blimed.no.

Her i Kvam vert innsamlinga organisert av ei kommunal arbeidsgruppe i samarbeid med grendeutvala og ungdomsrådet. Vil du vera bøsseberar? Nedanfor finn du telefonnummer til dei ansvarlege for TV-aksjonen i dei ulike grendene:

  • Mundheim: 918 15 333
  • Oma: 909 51 376
  • Strandebarm: 997 15 037
  • Innstranda: 916 15 814
  • Tørvikbygd: 410 86 600
  • Vikøy / Aksnes: 913 94 486
  • Norheimsund: 976 87 032
  • Steinsdalen: 995 13 709
  • Øystese: 410 65 500
  • Soldal og Porsmyr: 481 40 995
  • Fykse: 416 62 592
  • Ålvik: 410 45 168