Tilskot til miljøtiltak i landbruket (SMIL)

Kvam herad og Jondal kommune løyver tilskot til miljøtiltak i landbruket.

Troskykkje på Norheim - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete: Troskykkje på Norheim, bilete henta frå Kvam herad sin kulturminneplan Knut Markhus


 

Følgjande tiltak er prioriterte:

  • Planleggings- og tilretteleggingstiltak som fører fram til konkrete kulturlandskaps- og ureiningstiltak
  • Biologisk mangfald
  • Kulturlandskapstiltak. Søknader med fleire typar tiltak, t.d. beiterydding, steingjerde, skogskjøtsel og rydding/merking av stiar er høgare prioriterte enn søknader med einsidige tiltak.
  • Merking og rydding av stiar i jordbruksområde, rydding av kulturminne og liknande der grunneigarar og ålmenta samarbeider.
  • Restaurering av freda og verneverdige bygningar. Andre kulturminne/ - miljø
  • Tiltak knytt til ureining

Søknader bør innehalda fylgjande vedlegg:

  • oversiktskart
  • detaljkart
  • fotografi/teikningar
  • for bygningar: kostnadsoverslag fra bygningskyndig, omtale av noverande og framtidig bruk, samt eventuell omtale av verneverdi
  • skriftleg avtale med grunneigar(ar) (gjeld søkjarar som ikkje er eigar av landbrukseigedom),
  • avtale om gjennomføring av fellestiltak
  • budsjett

Søknader må i år leverast elektronisk på www.altinn.no 

Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 NORHEIMSUND. Telefon: 920 18 912.
Jondal kommune, Folgefonnvegen 2, 5627 Jondal, Telefon: 53 66 95 21

Søknadsfrist i Kvam og Jondal: 31. mai 2019

Du kan lesa meir om SMIL-midlar både her på kvam.no og på Landbruksdirektoratet sine nettsider.
 

Kontaktinfo

Jan Tjosås
Leiar næring
E-post
Telefon 56 55 30 27
Mobil 920 18 912