Tilskot til lokale kulturbygg

Klikk for stort bilete Pixabay / Free-Photos Tilskot til lokale kulturbygg skal vere med på å etablere eigna lokale, bygningar og utearena som gjev rom for ulik kulturell verksemd i Hordaland.

Alle ikkje-kommersielle, demokratisk oppbygde organisasjonar (vedtekter må vere godkjende) kan søkje om tilskot til lokale kulturbygg. 

Tilskot kan gjevast til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Søknad via kommunen

Søknader om tilskot må sendast til kommunen. Søknadsfrist til Kvam herad er 15. mars 2019.

Når kommunen har gått gjennom søknadene, vert ei prioriteringsliste vedteke politisk, og sendt vidare til fylkeskommunen. Der vert tilskotet fortelt, etter vedtak i det fylekskommunale kultur- og ressursutvalet.

Du finn meir informasjon på Hordaland fylkeskommune sine nettsider, og søknadsskjema på anleggsregisteret.no.

Har du spørsmål om ordninga, kan du kontakta Jon Nedkvitne, sjef for samfunn, næring og kultur i Kvam herad, på telefon 56 55 30 21 eller på epost jone@kvam.kommune.no.

Kontaktinfo

Jon Nedkvitne
Sjef samfunn næring og kultur
E-post
Telefon 56 55 30 21
Mobil 979 53 274