Temakveld om aggresjon

IllustrasjonsbileteFagforbundet i Kvam, Kvam herad og Fagakademiet inviterer til temakveld om ressursar i møte med aggresjon. Den vert arrangert i Multisalen på Kvam ungdomsskule 14. januar, frå kl. 17 - 21. 

Målgruppa for arrangementet er tilsette i skule, barnehage, psykisk helseteneste og tenester for psykisk utviklingshemma. 

På timeplanen står aggresjon som fenomen, dempande strategiar, grensesetjande tiltak og risikovurdering. Kurshaldar er Bjørn Petter Hanssen, som har over 25 år med erfaring i kurs og opplæring innan korleis aggresjon kan møtast på ein best mogleg måte. Hansen har arbeidd i tryggleiksspykiatrien i nærare tretti år, dei siste åra som spesialkonsulent i Helse Bergen, med ansvar for å utvikla og gje opplæring i strategiar for å møta aggressiv åtferd.

Sidan hausten 2014 har han halde desse kursa i regi av RESISMA - ressursar i møte med aggresjon. Hanssen er også ein av forfattarane bak boka Sikkerhet og omsorg - møte med aggresjon og vold, gjeve ut av Fagbokforlaget.

Påmeldingsfrist: 8. januar 2019

Meld deg på til: 

  • Inger Lise Krutå, tlf. 926 77 846, epost: ilkj@kvam.kommune.no, eller
  • Norunn Rykken, tlf. 411 04 884