Temakafé - 15. mai: Om å vera pårørande

Kom innom for ein god kaffikopp, ein matbit og ei god samtale med andre som har erfaringar med kreft.

Illustrasjonsbilete av kaffikopp med hjarta. - Klikk for stort bilete Jonathan McIntosh, CC BY-SA 4.0

Du finn oss i Grannehjelpa sine lokale i Sandvenvegen 1B, onsdag 15. mai frå kl. 18 - 20. Denne gongen innleier Lisbeth Øystese om å vera pårørande. Me har inga påmelding, og tilbodet er gratis.

 

Temakaféen blir drive av frivillige frå Brystkreftforeninga og kreftkoordinator. Spørsmål: Ta kontakt med kreftkoordinator Margrete Berge, tlf. 906 79 853.