«Ta det rolig»

Årets sommarlåt frå Oral Bee er laga i samarbeid med Av-og-til og heiter Ta Det Rolig. Låten er fengande for både store og små, og har ein viktig bodskap til alle vaksne.

Klikk for stort bilete  
  

Meldinga er klår: Drikk null, eitt eller maks to glas framfor barna! Eller som dei seier i låta: «Ta det med ro, det holder med et glass eller to!»

Låten passer perfekt til sommaren si speleliste, og kan nyttast som eit utgangspunkt til å snakka med barna om alkohol.
 

Gode råd om barn og alkohol:

  • Drikk null, eitt eller maks to glas alkohol når du er saman med barn.
  • Husk at barn merker at du har drukke mykje tidlegare enn du trur.
  • Ha flest dagar utan alkohol, sjølv om du har fri.
  • Bli samd med andre vaksne de er saman med om kva som er greitt og ikkje med barn til stades.
  • Unngå å drikka på ein måte som går ut over morgondagens planar med barna.
  • Vær spesielt bevisst om dykk skal reise bort – barn kan ha eit ekstra behov for trygge vaksne i eit framand miljø.

Kvam er ein Av-og-til-kommune, og arbeider samen med Av-og-til for å førebygga og redusera alkoholskadar og gjera kvardagen tryggare for alle. Me ynskjer alle ein god og trygg sommar!