Sykkelritt 24. mai

Klikk for stort bileteSykkelrittet Tour of Norway vil den 24. mai gå frå Bergen til Voss. Dette vil kunna medføre stenging av vegar i kortare periodar.

Rittet startar på Bryggen i Bergen. Ryttarane fyl stort sett den ordinære Bergen-Voss traseen, oversikt over traséen er å finna på tourofnorway.no. Der finst også informasjon om vegstenging langs ruta.

Naudetatane kan passera, og vil få bistand frå rittet si politistyrke ved passering.

Berekna passeringar i Kvam er:

  • Norheimsund, 15:16 - 15:36
  • Øystese, 15:23 - 15:44
  • Ålvik 15:49 - 16:15