Straumstøtte til næringslivet i Kvam

Kvam herad har oppretta ei stønadsordning for straumstøtte til næringslivet med ei ramme på kr 2,5 millionar.

Støtta skal vera vederlag for ekstraordinære høge straumkostnadar andre halvår 2022, føresett at pris har vore over ei krone pr kWh (eks mva.) – og at dette igjen fører til at bedrifta går med underskot.

Rammer:

  • Verksemda må ha tilsette
  • Verksemda må ha negativt driftsresultat pr. 30. oktober 2022
  • Verksemda må ikkje ha fått stønad etter statleg ordning
  • Vert fordelt etter skjøn av formannsskapet
  • Søkjar må ha forretningsadresse i Kvam
  • Inntil 250 000,- kr i tilskot

Søknadsfrist 10. februar 2023.

Søknadsskjema finn du her.

Kontaktperson: Jan Tjosås 
E-post: jatj@kvam.kommune.no
Telefon: 920 18 912