Stenging ved Sjoaskår

Klikk for stort bilete Det vert utført gravearbeid ved innkøyringa til Sjoaskår/Tolvkonehuset i Øystese i tidsrommet 20. mai til 7. juni. Vegen vert derfor stengt i dette tidsrommet.

GBS skal på vegne av utbyggjar av leilegheitsbygget Sjoaskår, Fuglafjell AS, grava grøft frå bygget og ut til FV7 for tilkobling av VA.

Planen er å grava opp vegen mellom Hardangerfjordvegen 638 og 640 og gropa blir sikra med anleggsgjerde. Det vil verta laga til gangveg langs hovudvegen, sikra med tung sikring ut mot vegen.

Bilar får omkøyringsveg inn bak Hardangerfjordvegen 650 / Helsebanken.