Stenging i Skutlalia

Kvam herad skal utføre saneringsarbeid av vatn og avløp i Skutlalia, og vegen vil derfor verta stengd ved Skutlalia 13 og opp til Gullur i periodar. 

Klikk for stort bilete

Vegen vil i utgangspunktet verta stengd mellom kl. 08 og kl. 20 måndag til og med torsdag, frå og med 18. mars 2019. Arbeidet vil vara om lag to månader. 

Det vil vera mogleg å passera for gåande. Entreprenøren (Kjosås Maskin AS) vil ha stålplater ståande i umiddelbar nærleik til grøftene, slik at ein ved nødstilfelle kan leggja platene over grøfta og opna vegen på relativt kort varsel.