Status rullering av kommuneplanens arealdel

Klikk for stort bilete Løypemelding for kommuneplanens arealdel

Planavdelinga har jobba jamnt og trutt med rullering av kommuneplanens arealdel gjennom sommaren og håpar at me snart kan få vedteke kommuneplanens arealdel. Me hadde møte med Lars Sponheim og Christian Alstad frå fylkesmannen i Vestland før sommarferien, der motsegna til fylkesmannen i Vestland vart diskutert. 

Motsegn som står igjen å løyse er:

  • Akvakulturanlegg på Kvamsøy
  • Byggegrense til sjø i landbruks-, natur- og friluftsområder (LNF-områder)
  • Føresegn for vassdrag og kantvegetasjon
  • Omdisponering av landbruksjord til byggeformål
  • Forlenging av Damvegen i Ålvik
  • Område for spreidd næring og småbåthamn på Oma
  • Føresegner til kommuneplanen:
    • tilhøvet til gamle gjeldande reguleringsplanar
    • unntak frå plankrav
    • brygger og flytebrygger
    • tilbygg på eksisterande bustadhus og hytter i strandsona (100-meters beltet)
    • støler

Me har sendt eit notat til fylkesmannen der me kjem med forslag på løysing for fleire punkter. 

  • Akvakultur på Kvamsøy - ABO har laga ei justert vurdering av lokaliteten Kvamsøy etter forslag om endra plassering. Fiskeridirektoratet trekker sitt motsegn dersom lokaliteten vert flytta til austsida av Kvamsøy og ut av område for brislingfiske.
  • Me foreslår å ta ut byggegrense til sjø i LNF-områder, det ligg i underkant av 90 hytter i strandsona og i LNF og det ligg ca. 150 bustadhus i strandsona og i LNF. 
  • Føresegn for vassdrag er justert.
  • Me har teke ut ein del byggeformål for å justere avgang av landbruksjord, men me har også dokumentert kor mykje landbruksareal som i gjeldande plan vert omdisponert frå byggeformål tilbake til LNF.
  • Damvegen og spriedd næringsformål på Oma vert eit meklingstema
  • Føresegner er foreslått justert

Det vert spannande å sjå kva for tilbakemelding me får frå Fylkesmannen i Vestland på dette notatet. Me har eit håp om å få vedteke kommuneplanen med sittande heradsstyre som har sitt siste møte den 8. oktober 2019.