Sommarles 2019 - den kulaste lesekampanjen!

Klikk for stort bilete Også i år kan du som går i 1. til 7.klasse delta på Sommarles på Kvam bibliotek!  Dette er nok verdas kulaste lesekampanje.

For kvar bok du les og registrerer på Sommarles.no, får du XP (poeng) og går etter kvart opp i nivå (eller level, om du vil). Sommarles.no er for alle, uansett kor fort eller sakte du les.

Du kan velja å lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller du kan få nokon til å lese høgt for deg – all lesing tel og gir deg XP. Og sjølvsagt har vi stilige premiar! Du kan få både kule digitale trofé til profilen din på nettsida, og premiar som du hentar på biblioteket.

Sommarles.no er ein nettbasert kampanje. Det vil seie at du lagar ein egen profil, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og følger med på kva vennene dine les, alt på nettsida Sommarles.no. Her får du også tilgang til ei superspennande forteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Sjekk ut
Sommarles.no for meir info.