Føremålet med ordninga er å støtta og stimulera festivalar i Kvam økonomisk, og leggja til rette for festivalutvikling i 2023.
Kven kan søkja:
Arrangørar av festivalar i Kvam kan søkja tilskot til gjennomføring av festivalar og ulike festivaltiltak i 2023. Søkjar må vera registrert i Einingsregisteret og vera heimehøyrande i Kvam. Festivalar/søkjarar må ha fleire arrangement i festivalperioden og vera tilgjengeleg for eit breidt publikum.
Søknaden må innehalda:
- Omtale av festivalen og kva søknaden gjeld
- Utfyllande budsjett med kostnads- og finansieringplan og søknadssum.
- Tiltak for inkludering, kulturelt mangfald, grøn profil, nyskaping og lokal forankring vert prioritert
Tildelingskriterier
- Det kan søkjast om generelt festivaltilskot og/eller støtte til spesifike tiltak
- Festivalen må føregå i Kvam i 2023
- Søknaden må vera forankra i styret
Handsaming av søknaden:
Søknadane vert handsama og vurderte samla etter søknadsfristen er utløpt. Søkjar får skriftleg svar, og frist for klage er 3 veker frå søkjar har mottatt vedtaket.
Rapport:
Rapport som dokumenterer at tilskotsmidlane er nytta til tiltak det er søkt støtte til må sendast inn før utbetaling av tilskot.
Søknadsfrist: 15.02.2023
Det er utarbeidd eige søknadsskjema. Søknadsskjema finn du her.
Synleggjering:
Festivalar som får tilskot må synleggjera i relevant kommunikasjonsmateriell å ha mottatt tilskot frå Kvam herad.
Kontaktpersonar på avd. samfunn, næring og kultur:
Jon Nedkvitne
Tlf. 979 53 274 E-post: jone@kvam.kommune.no
Mary Ann Sørheim
Tlf. 954 07 710 E-post: mars@kvam.kommune.no