Søk støtte frå kraftfondet

Klikk for stort bilete  Kvam herad har eit kommunalt kraftfond som primært kan nyttast til næringsutvikling, nyetablering og bedriftsutvikling. Søknadsfrist  er  1. oktober 2022. Det vart tildelt mykje tilskot i forrige søknadsrunde, det er difor avgrensa midlar denne gongen.

Føremålet til kraftfondet

Støtte til næringsføremål bør vera i tråd med prioriteringar i gjeldande kommunedelplan for næring. I kommunedelplan for næring og kompetanse 2015-2023 er følgjande satsingsområde vedteke:

  1. Byggja kompetanse som skapar talent og utnyttar teknologi
  2. Utvikla eit pulserande og sjølvstendig regionsenter
  3. Skapa opplevingar og innhaldsrik fritid
  4. Styrka det etablerte og utvikla det særeigne
  5. Skapa gnist for kreativ og framtidsretta næring

Midlane kan ikkje nyttast til føremål som ikkje er i tråd med kommunen sine etiske eller andre interne retningslinjer.

 

Døme på tiltak som kan få kraftsfondsmidlar

  • Bedriftsstøtte som til dømes etableringsstipend, opplæring, produktutvikling, marknadsføring, marknadsundersøking og planlegging som ikkje er del av løpande drift
  • Kommunalt tiltaks- og næringsarbeid som til dømes næringsplanlegging, etableringsprosjekt, samarbeid skule/næringsliv og stadutviklingsprosjekt
  • Kommunale investeringar for tilrettelegging for næringsverksemd som til dømes kommunal tilrettelegging av næringsarealer, fysisk stadutvikling og infrastruktur

 

Fondet dekkjer i hovudsak tre typar tilskot:

  • Investeringstilskot
  • Bedriftsutviklingstilskot
  • Tilskot til tiltaksapparat og kunnskapsretta infrastruktur

 

Former for stønad

Støtte skal i hovudsak gjevast som tilskot. Søkjarar som har vorte tildelt tilskot gjennom kraftfondet skal sende inn rekneskap/ årsmelding for det aktuelle år tilskotet vart utbetalt med tilbakemelding om kva betydning tilskotet hadde for det aktuelle året. Eventuelle andre vilkår for utbetaling av tilskot, vert fastsett per søknad. 

Midlane skal ikkje brukast til aksjekapital i private bedrifter.

 

Korleis søkja

Alle søknader må sendast inn ved å bruke regionalforvaltning.no, og du må definere mål og tiltak samt syne til kostnads- og finansieringsplan. Det er ikkje høve til å levera inn søknader utanfor dette systemet.

Trong for støtte fra kraftfondet skal dokumenterast grundig.

Ved trong for hjelp til levering av søknad, ta kontakt med leiar næring i Kvam herad, Jan Tjosås, telefon 920 18 912, epost: jan.tjosaas@kvam.kommune.no

 

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 1. oktober 2022.