SMISO får pengestøtte

SMISO Hordaland (Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland) har fått støtte frå Sparebankstiftinga Hardanger til oppretting av ein filial plassert i Norheimsund.

Den private stiftinga SMISO vart etablert i 1997 og har hovudsete i Hordaland. SMISO Hordaland gjev ulike tilbod til born, ungdom, menn og kvinner som har opplevd seksuelle overgrep. Senteret har også tilbod til pårørande og andre som ynskjer råd og rettleiing. I tillegg driv dei med førebyggjande arbeid.

I 2007 opna ein ei eiga avdeling på Stord, med mål om koma nærare brukarar og det lokale hjelpeapparatet. Dette har vore vellukka, og no vert det oppretta ein filial også i Hardanger. Kvam herad har ordna med mellombels lokaler ved Helsestasjonen i Norheimsund, ope annakvar onsdag mellom 10 og 14.

Samstundes har det i samarbeid mellom SMISO, politiet og Kvam herad vorte sendt ein søknad til Sparebankstiftinga Hardanger om støtte til utstyr og innreiing av lokalet. No er det klårt at stiftinga har løyva 100.000 kroner til prosjektet.

Du kan lesa meir om Sparebankstiftinga Hardanger sine løyvingar i lokalavisa Hordaland Folkeblad (krev abonnement).