Slik syter du for trygg bruk av fyrverkeri nyårsaftan!

Klikk for stort bilete Årleg medfører bruk av fyrverkeri i samband med nyårsfeiringa til ulike brannar og til at personar treng handsaming hjå lege. Me vil difor minna om følgjande regelverk og tryggleiksråd.

  • Det er totalforbod mot bruk av rakettar med styrepinne og fyrverkeri som kan forvekslast med leikety.
  • Det er aldersgrense på 18 år for kjøp og bruk av fyrverkeri, bortsett frå mindre type stjerneskot der aldersgrensa er 16 år.
  • Plass for oppskytinga må veljast slik at det ikkje oppstår skade på personar eller omgivnader.
  • Løyvet til oppskyting gjeld berre for nyårsaftan frå kl. 18.00 til kl 02.00

Fylg elles desse fyrverkerireglane:

  1. FØREBU OPPSKYTINGA I GOD TID.
    Finn eigna stad for oppskytinga.
  2. LES BRUKSRETTLEIINGA NØYE FØR BRUK.
    Barn som brukar stjerneskot må passast på av ein vaksen.
  3. KONTROLLER AT FYRVERKERIET IKKJE ER SKADD.
    Skada fyrverkeri MÅ leverast tilbake til forhandlar.
  4. SYT FOR AT FYRVERKERIET IKKJE KAN VELTA.
  5. BRUK TENNSTAV. 
    Sit på huk, tenn lunta og gå unna.
  6. BRUK VERNEBRILLER UNDER OPPTENNING
    - for å redusera sjansen for augeskader.
  7. BØY DEG ALDRI OVER FYRVERKERI SOM ER PÅTENT.
  8. IKKJE TENN FYRVERKERI PÅ NYTT DERSOM DET IKKJE TENNER FYRSTE GONG.
    - men lat det stå i 30 minuttar eller dynk grundig med vatn før det vert fjerna.
  9. HALD GOD AVSTAND FRÅ OPPSKYTINGA.
  10. ALKOHOL OG FYRVERKERI HØYRER IKKJE SAMAN.  

Kvam brann og redningsteneste

Fann du det du leitte etter?