Sjå heradsstyret på kommuneTV

Er du nyfiken på heradsstyredebatten i går? Opptak er tilgjengeleg på kommuneTV. 

Skjermbilete frå kommuneTV   

Gårsdagens heradsstyremøte er lagt ut på kommuneTV. Der kan du sjølv sjå debattane mellom politikarane, om fagplan for kommunale vegar, om trafikksikringsplanen, om NorthConnect-kabelen, om framtida for Hardangerrådet, og ei rekkje andre spørsmål.

Sjå også:

Nytt utval på plass

I desember 2019 vedtok heradsstyret å oppretta Kvam miljø-, plan- og bygningsutval, etter at det gamle utvalet for næring, plan og bygg hadde vorte lagt ned. Utvalet skal ha ni faste representantar, med vararepresentantar, og skal handsama arealsaker, reguleringsplanra ogsaker knytt til miljø og ureining, samt saker knytt til landbruksforvaltning og viltforvaltnign, landskapsvern og kommunaltekniske saker.  

Valet vart gjennomført som eit avtaleval i heradstyret. Desse vart valde:

  • Ottar Randa, Høgre
  • Gry Merethe Kyrkjeeide, Frp
  • Hans Arne Børsheim, Krf
  • Even Øyri, Ap
  • Vigdis Håland, Ap
  • Geir Madsen, SV
  • Trygve Vik, Sp
  • Silje Aksnes, Sp
  • Siv Håbrekke, Sp

Ottar Randa vart også vald som leiar, medan Even Øyri vart vald som nestleiar.