Selihom er klar for framtida

Selihom skal starta i fyrste klasse på Norheimsund skule i august 2019. I løpet av dei neste ti åra vil ho oppleva den største endringa i norsk skule på lenge. Det er lenge til ho går ut av grunnskulen i 2029, og det vert spanande å fylgja henne inn i ein skule for framtida.

– Eg gler meg, seier Selihom.

Selihom sitt elevkull vil ikkje møta dei store endringane det fyrste året, fortel leiar for skule og barnehage Beate Gauden.

– Dei som startar i fyrste klasse i 2019, vil møta både leik og læring. Det blir ein litt annan struktur enn i barnehagen, men leiken er sentral.

Fagfornyinga i 2020

Innan Selihom er ferdig med grunnskulen, har det skjedd store endringar i undervisningsinnhaldet. I 2020 vert det innført ein revidert nasjonal læreplan. Den vil leggja stor vekt på utforsking, kreativitet, samskaping og evna til kritisk tenking. Læraren vert meir ei støtte og rettleiar enn førelesar, og elevane skal verta meir medvitne på prosessane kring eiga læring.

I 2020 skal tre tverrfaglege tema vera tydelege i mange fag: Folkehelse og livsmeistring. Demokrati og medborgarskap og Bærekraftig utvikling. Samtstundes vert fag som musikk, mat og helse, kroppsøving, samt kunst- og handverk meir praktiske for å auka elevane si motivasjon og meistring.

– Fokus på faga vert litt annleis, faktakunnskap får mindre betydning, å læra i djupna og forstå får større betydning. Det som vert viktig, er å læra å læra, slik at dei gjennom livet kan tileigna seg ny og naudsynt kompetanse og våga seg på kritisk tenking. Dei som startar i 2019 skal rustast betre til ein framtidig arbeidsmarknad, ja kanskje vil dei ha jobbar som ikkje eksisterer idag, reflekterer Beate Gauden.

Skule-avdelinga i Kvam herad har saman med rektorane gjeve tilsette i skulane informasjon om fagfornying dei siste 2 åra. Frå hausten 2019 vert arbeidet intensivert, og fagfornyinga vil prega kurs- og planleggingsdagar, personalmøte, team-møte og tid til fagleg fornying. Me ynskjer ein plan for implementering av fagfornyinga i Kvammaskulane 2020-2024, i tråd med nasjonale føringar.

Nytt for foreldre også!

For føresette krev endringane at dei truleg må endra sitt syn på læring i skulen. Dei vil møta ord og omgrep dei ikke kjenner igjen frå eigen skulegong.

Eit sentralt omgrep som kjem til å prega norsk skule framover, er DYBDELÆRING. Det betyr at elevane skal kunna jobba med eitt tema over lengre tid, til dei eig kunnskapen, og kan overføra den til andre tema og andre fag.

LÆRINGSVEN vil verta brukt om ein likeverdig samarbeidspartnar, ein å snakka og diskutere læring med. Målet er meir læring gjennom samhandling.

LÆRINGSGROP. Når elevar møter noko nytt og vanskeleg, kan dei oppleva at dei hamnar i ei grop. Då treng dei gode strategiar og reiskapar for å koma seg opp. Poenget er at motstand ikkje er farleg, tvert imot kan det vera nyttig. Hoppar du berre over gropa, vil du ikkje læra noe nytt.

Digitale verktøy

Elevene vil i framtida bruke digitale verktøy på ein heilt annan måte enn tidlegare. Kvam herad er i startgropa til å utarbeida ein digitaliseringsplan for barnehagar og skular i Kvam. Planen skal peike ut retninga for digitalisering av skulen i framtida, og utviklinga av den digitale kompetansen hjå elevane. Dei skal få læra digitale språk gjennom leik og utforsking, kreativitet og samarbeid.

– Framtidige elevar vil oppleva ei anna tilnærming til læring. Til dømes kan elevane istadenfor å høryra om historia, faktisk få oppleva den gjennom virtuelle røyndomar. Ved hjelp av ny teknologi kan elevane få eit heilt anna læringsutbyte enn ved tradisjonell undervisning. Det handlar ikkje om teknologien i seg sjølv, men korleis den kan gjera læringa betre for den einskilde eleven.

Betre rusta for framtida

Når dagens fyrsteklassingar går ut av skulen, er målet at dei er blitt gode til å samhandla med ulike typer mennesker. Dei skal ha grunnleggjande ferdighetar i å meistra livet, og være rusta til å møta ein tøffare arbeidsmarked i stadig endring.

– Me er sikre på at fagfornyinga med auke i fokus på dybdelæring, undring, skaparglede, engasjement og å vera nyfikne, vil få betre meistring og fagleg trivsel hjå elevane, seier Beate Gauden.

Selihom har mange år med skule framføre seg. Me vonar at «stjerna i augo» ho har i dag, vil vera med henne vidare i læringsløpet, og ynskjer henne og alle dei andre lukka til!