Samarbeid for branntryggleik

Klikk for stort bileteHelse- og omsorgssjef Åslaug Bøhn Botnen og brannsjef Bjørn Johansen satsar med Trygg Heime-avtalen Øyvind Strømmen Tre av fire personar som misser livet i brann, tilhøyrer ei såkalla risikoutsett gruppe. Ni av ti i desse gruppene misser livet heime, i eigen bustad. Om lag 50 % av desse mottok teneste frå kommunen heime, fortel statistikken.

Dette er bakgrunnen for at helse- og omsorgstenesta; og brann og redningstenesta i Kvam herad har inngått ei avtale som skal sikra at varig og forpliktande samarbeid knytt til mellom anna brannvern.

Avtalen skal medverka til auka kompetanse innan brannvern hjå tilsette i helse og omsorg, og hjå brukarar av helse og omsorgstenesta, og i tillegg syta for at eldre, som ynskjer det, kan bu lengre heime i eigen bustad.

Tryggleiksarbeidet, som er ei tilleggsyting frå heradet si side, må føregå i samarbeid med både eigar, brukar og i mange høve næraste pårørande. 

Heile avtaleteksten: Samarbeidsavtale - Trygg heime (PDF, 624 kB)

Kontaktinfo

Åslaug Bøhn Botnen
Helse- og omsorgssjef
E-post
Telefon 56 55 30 93
Mobil 905 98 579
Bjørn Johansen
Brannsjef
E-post
Telefon 56 55 31 55
Mobil 977 71 110